torsdag 22. august 2013

Grøn omsorg er eit godt alternativ for personar som slit med psykiske problem eller rus. 
Ein studie frå Høgskulen i Hedmark viste at gjennom Inn på tunet  opplevde personar med psykiske problem eller rusproblematikk å få eit meir meiningsfullt liv. Deltakarane fortalde at Inn på tunet tilbodet hadde bidrege til at dei hadde fått attende livsgnisten, kome seg inn i vanleg døgnrytme og at dei opplevde seg sjølv som etterspurde fordi dei såg at dei kunne bidra i arbeid og i det sosial fellesskapet.

Meir konkret opplevde deltakarane:
-      At tilbodet forsterka deira sosiale nettverk, og utanfor garden. Det var lettare for dei å halde eller ta opp kontakt med familie og vener når dei hadde innhald i kvardagen og følte seg som aktive samfunnsdeltakarar.
-      At dei vart utfordra, men opplevde fyrst og fremst og mestre nye oppgåver. Dette gav sjølvtillit og tru på eigne evnar.
-     Å tilhøyre ei gruppe, der dei vart respektert, følte tilhørigheit og fekk gjera aktivitetar saman.
-     Å få vera saman med dyr som gjav nærleik og trøst, men som samtidig trong omsorg frå deltakarane.

    Du kan kan lese meir her


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar