Brandsarbakken
Litt om Brandsarbakken
og vi som bur her
Brandsarbakken ligg i Reppen i Skjåk. Her bur Mari,
Ivar, Georg Andre og to kattar. Mari er utdanna barnevernspedagog, ho arbeidar
i dag som miljøterapeut innnan psykisk helse Lom og Skjåk. Ivar er utdanna sivilagronom og bedriftsøkonom,
har erfaring bl.a. med undervisning og forsøksring. Er i dag næringssjef i
Skjåk kommune.
Vi driv ikkje tradisjonelt gardsbruk med dyr, men
dyrkar høy for sal. I tillegg dyrkar vi grønsakar til eiga bruk, og har
bærbuskar, jordbær, epletre og mykje blomar og plen å arbeie med.
Vi er båe aktive, likar å drive ute med ulike
aktivitetar og ser mange moglegheiter i å bruke omgivnadene. Naturen
rundt oss og ressursane på garden er og utgangspunktet for aktivitetane i vårt
Inn på tunet-tilbod.
Om organisering og aktivitetane
i tilbodet
Vi vil legge til rette for ulike aktivitetar og ynskjer
å ta imot personar med psykiske utfordringar og andre med ulike behov.
Vi har eigen leilighet til IPT-tenesta. Her har vi garderobe, toalett, kjøken og stue.
Aktivitetar som vi kan tilby: baking,
formingsaktivitetar, vedarbeid, trearbeid, gå turar, prate saman, spela eit
spel eller kort m.m.
Det sosiale er ein viktig del av tilbodet. Vi legg
opp til at det skal vera eit felles måltid i løpet av dagen. Ei fin anledning
til å sitte ned saman, prate om kva vi har gjort og planlegge resten av dagen.
![]() |
I baksthuset steiker vi flatbrød og lefse på vedtakke. Om hausten blir takka skifta ut med "ystepanne", som blir brukt til hermetisering av kjøttkaker. |
![]() |
I kvernhuset malar vi mjøl av bygg og kveite |
![]() |
Smia blir brukt til å lage enkle ting eller til små reparasjonar |
![]() |
Treverkstaden blir brukt til enkelt trearbeid |
I
tillegg har vi sæter i Bråtådalen. Huset er forhaldsvis
nytt og i god stand. Dette er ein god plass som gjev mykje ro. Hit reiser vi
med jevne mellomrom i ulike ærend eller for å slappe av. Det er alltid blåbær
og tyting å finne rundt sætra om vi ynskjer å nytte det.
Mål
Dei viktigaste måla våre er trivsel og utvikling. For å
trivast er det heilt nødvendig at kvar enkelt kjenner seg trygg både i
forhald til oss og kvarandre og i situasjonar og aktivitetar som vi legg opp
til saman med brukarane. Vi vil heile tida tenkje brukarmedverking, men innan
rammar.
Vi tenkjer «steg for steg». Derfor startar vi med
aktivitetar som er kjende og trygge og tek steget til noko nytt etter kvart som
arenaen er kjend, og det utviklar seg til god tillit mellom brukarane og oss
som ansvarlege.
Ved å ta dei ulike stega i passe tempo i forhald til
mestring, håper vi å oppnå positiv utvikling som igjen påverkar helsa vår.
Dersom eit tilbod på
Brandsarbakken kan vera av interesse og du ynskjer å vite meir, kan du kontakte
med Mari tlf: 97689343 eller Ivar tlf: 97140163.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar