fredag 12. juli 2013


                     Nordigard                Ramstad   

Nordigard Ramstad ligg på Ramstadstrond i Skjåk. Her bur Odd Joar og Gudrun Ramstad, saman med 170 vinterfora sau, to hestar, to griser, høner, kanin og katten Alfred.

Odd Joar er utdanna mekanikar og jobbar no som teknisk sjef i nettbuss. I tillegg jobbar han med drift av garden som forutan sau, består av forproduksjon og juletreskog.

Gudrun er miljøarbeidar og har lang erfaring innan psykisk helse, både med personar med psykisk utviklingshemming og innan psykiatri. I tillegg har ho vidareutdanning som skuleassistent. 

Som miljøarbeider er det eit viktig mål å legge til rette for trivsel, aktivitet og utvikling for brukarane. Desse verdiane er og utgangspunktet for tilbodet på garden og erfaringane om korleis ein kan skape dette er viktig kunnskap å ta med seg i arbeidet med Inn på tunet.  

MÅL

Som for alle Inn på tunet-tilbod ynskjer vi å gi kvar enkelt brukar oppleving av mestring, utvikling og eit inkluderande fellesskap. Ramma for tilbodet er garden vår, med dei moglegheitene den gir for kontakt med dyr, natur, frisk luft og fysisk aktivitet. Moglegheit for å gjera individuelle tilpassningar og tilby meningsfylte aktivitetar skal legge grunnlaget for trivsel og livskvalitet.

MÅLGRUPPER

  • Barn og ungdom;  alternativ skuledag, SFO, avlastning/støttekontaktgrupper



For barn som treng ein alternativ skuledag, her vil vi bruke noko tradisjonell undervisning, men tek utgangspunkt i garden og livet her, knyttar teorien opp til praktiske oppgåver. Vi trur garden kan vera eit godt utgangspunkt for læring, t.d gjennom å observere livet på garden og ikkje minst, få oppleve mestring gjennom aktiviteter som stell av dyr og plantar. Garden utgjer og ein fin arena for ein opplevelsesrik og spanande SFO. Det blir lagt opp til at aktivitetane kan fylgje årstidene, slik at borna får ulike opplevingar og erfaringar. Det blir og lagt opp til eit felles måltid og moglegheit for leksehjelp.
Vi har og moglegheit til å ta imot barn som treng litt ekstra oppfylging og tryggleik, tilbodet kan da fungere som ei støttekontaktordning, med plass til 3-4 barn i gruppar.  
Å vera tilstade for kvar enkelt barn er viktig for oss. Det inneber ikkje berre gode opplevingar, men og å sjå deira kjenslemessige og sosiale behov.
·        





  •    Ungdom, drop-outs



  •     Psykisk helse
Vi ynskjer å tilby plass for personar som treng eit aktivitetstilbod, i ei vanskeleg periode eller eit meir varig aktivitetstilbod. Gjennom tilbodet ynskjer vi å bidra til at brukarane opplever livskvalitet og utvikling. Vi trur meiningsfulle aktivitetar er avgjerande for god helse. Det er viktig å ha ein stad og gå til der det er rom for å få gjera ting i sitt tempo, prøve seg fram i arbeid eller anna aktivitetar. At nokon forventar at du skal møte opp, gjer det lettare å stå opp om morgonen. Å gjera ting saman fører til at samtalene går lettare. Felles måltider gjev kjensle av fellesskap og kan vera viktig sosial trening. Rutinar som er viktig for å fungere i dagleglivet.   
                                      

  •      Familie/opplæring
Familiar med behov for oppfylging og støtte i periodar; vi har ein leilegheit i kjellaren på våningshuset. Komplett med eiga kjøkken, 2 soverom, bad/wc, stugu og bod. Her ynskjer vi å kunne ta imot familiar eller andre med behov for oppfylging over ei periode. Eigen leilegheit gjev moglegheit for sjølvstende. Samtidig vil vi vera i nærleiken og kunne tilby opplæring i ADL, støtte og bidra til trygge rammer og moglegheit for delta  
Ungdom; vi har ei lita stova, med enkelt kjøken, soverom, stugu og bad. Her har vi moglegheit til å ta imot ungdom som i ei overgangsfase frå ungdom til vaksen treng trygge, stabile rammer, men samtidig treng og få prøve seg sjølv.

Aktiviteter
Ramlarstugu er eit hus for trivsel, ein stad for å vera einsleg
ei stund, lesa ei bok eller den gode samtale. 
Miljøet og ressursane på garden kan gje tilbod til ulike menneskjer i ulike livsfasar og med ulike behov. Vi brukar nærmiljøet, tunet, fjoset og husa i opplæring, aktivitetar, rekreasjon eller til sosialt samvær.
                                      
Gardstunet er ein fin boltreplass for barn, med leikarhus, huskestativ, sandkasse. Om sumaren har oss båt i elva. Å ro båt er god trim og fin rekreasjon, og ikkje minst er det morosamt og ta fisk som kan steikast og etast heilt fersk.

Handarbeid av ulik type og vanskeleghetsgrad.
Elles legg vi opp til aktivitetar som fylgjer årstidene. Sumar og haust er fin tid for å drive ute på tur, bærplukking, stell av dyr og andre aktivitetar relatert til gardsdrift. Vinteren er og bra for uteaktivitet som ski og aking, men kan og vera ei fin tid til å vera inne og drive med baking, handarbeid av ymse slag, til  dømes veving. Før jul er det stor aktivitet i juletreskogen, med førebuing til sal av juletre.


Opningstider for tilbodet er i utgangspunktet mandag-torsdag 10.00-15.00, men kan utvidast ved behov, til dømes ved ynskje om tilbod på ettermiddagstid, eller avlastning på helg.

Dersom eit tilbod på Nordigard Ramstad kan vera av interesse, ta kontakt med Gudrun Ramstad på tlf. 91140280/ 61213016










torsdag 4. juli 2013

Kvalitetssikring av Inn på tunet gjennom Matmerk

Matmerk er drifts- og godkjenningsavsvarleg for Inn på tunet.
Her finn du Matmerks IPT-standard; Veileder og sjekkliste for IPT og eksempel på ei standardavtale utarbeidet av Matmerk for IPT.

IPT-standaren er et minstekrav og ekan brukes som eit hjelpemiddel for å jobbe aktivt med kvalitet og HMS i IPT.

Brandsarbakken

Brandsarbakken




Litt om Brandsarbakken og vi som bur her

Brandsarbakken ligg i Reppen i Skjåk. Her bur Mari, Ivar, Georg Andre og to kattar. Mari er utdanna barnevernspedagog, ho arbeidar i dag som miljøterapeut innnan psykisk helse Lom og Skjåk. Ivar er utdanna sivilagronom og bedriftsøkonom, har erfaring bl.a. med undervisning og forsøksring. Er i dag næringssjef i Skjåk kommune.

Vi driv ikkje tradisjonelt gardsbruk med dyr, men dyrkar høy for sal. I tillegg dyrkar vi grønsakar til eiga bruk, og har bærbuskar, jordbær, epletre og mykje blomar og plen å arbeie med.
Vi er båe aktive, likar å drive ute med ulike aktivitetar og ser mange moglegheiter i å bruke omgivnadene. Naturen rundt oss og ressursane på garden er og utgangspunktet for aktivitetane i vårt Inn på tunet-tilbod.  


Om organisering og aktivitetane i tilbodet

Vi vil legge til rette for ulike aktivitetar og ynskjer å ta imot personar med psykiske utfordringar og andre med ulike behov.

Vi har eigen leilighet til IPT-tenesta. Her har vi garderobe, toalett, kjøken og stue. 

Aktivitetar som vi kan tilby: baking, formingsaktivitetar, vedarbeid, trearbeid, gå turar, prate saman, spela eit spel eller kort m.m.

Det sosiale er ein viktig del av tilbodet. Vi legg opp til at det skal vera eit felles måltid i løpet av dagen. Ei fin anledning til å sitte ned saman, prate om kva vi har gjort og planlegge resten av dagen.

I baksthuset steiker vi flatbrød og lefse på vedtakke. Om
hausten blir takka skifta ut med "ystepanne", som blir brukt til
 hermetisering av kjøttkaker. 

I kvernhuset malar vi mjøl av bygg og kveite

Smia blir brukt til å lage enkle ting eller til små reparasjonar












Treverkstaden blir brukt til enkelt trearbeid















































I tillegg har vi sæter i Bråtådalen. Huset er forhaldsvis nytt og i god stand. Dette er ein god plass som gjev mykje ro. Hit reiser vi med jevne mellomrom i ulike ærend eller for å slappe av. Det er alltid blåbær og tyting å finne rundt sætra om vi ynskjer å nytte det.



Mål

Dei viktigaste måla våre er trivsel og utvikling. For å trivast  er det heilt nødvendig  at kvar enkelt kjenner seg trygg både i forhald til oss og kvarandre og i situasjonar og aktivitetar som vi legg opp til saman med brukarane. Vi vil heile tida tenkje brukarmedverking, men innan rammar.

Vi tenkjer «steg for steg». Derfor startar vi med aktivitetar som er kjende og trygge og tek steget til noko nytt etter kvart som arenaen er kjend, og det utviklar seg til god tillit mellom brukarane og oss som ansvarlege.
Ved å ta dei ulike stega i passe tempo i forhald til mestring, håper vi å oppnå positiv utvikling som igjen påverkar helsa vår.



Dersom eit tilbod på Brandsarbakken kan vera av interesse og du ynskjer å vite meir, kan du kontakte med Mari tlf: 97689343 eller Ivar tlf: 97140163.