torsdag 13. juni 2013

TUVA`S GRØNE OMSORG -Aktivitetar, gode opplevingar og tryggleik i Tuva

Høgt oppe i Bråtågrenda ligg garden Tuva. Her bur Mai Iren og Frank Andrè Tuva-Hagen saman med 3 hestar, 34 sauer,2 kaninar, og 3 hundar.

Vi har jobba med grøn omsorg og Inn på tunet sidan 2012. Vi ynskjer å tilby garden som besøksheim og til avlastning for barn og unge som i periodar kan ha behov for ein ekstra stad å vera utover heimen.
 

Litt om oss
MAI IREN er 27 år, ho er oppvaksen på garden Tuva,  og difor godt kjend i fjella og  i skog og mark rundt garden. Mai Iren er oppteken av att tradisjonar skal haldast i hevd og att det gamle ikkje skal bli gløymd. Mai Iren har teke utanning som agronom og i tillegg er ho barne og ungdoms arbeider. Ho har mykje praksis på skular og barne hagar rundt omkring både i Gausdal og i Skjåk.

FRANK ANDRÈ er 31 år og kjem opprinneleg frå Gausdal, ei bygd med mykje historie og gamle gardar. Frank er glad i gamle historier og er oppteken av att garden skal drivast så tradisjonelt som mogleg. Frank er utdanna landbruksmekaniker og yrkessjåfør. Han er veldig glad i å mekke på små og store maskinar og reiskap.





Om Tuva
Tuva er ein gard under utvikling. Målet om å arbeide med Inn på tunet pregar korleis vi ynskjer garden skal utvikle seg. Her skal det leggast til rett for att små og store skal kunne få trygge og gode opplevingar. Vi er i kontakt med matmerk som har ansvar for kvalitetssikringa av Inn på tunet gardar. Vi håpar at vi innan kort tid skal få gjennomført revisjon og kunne kalle oss ein ekte Inn på tunet – gard.

Aktivitetane vi legg opp til tek utgongspunkt i garden og livet her. Dei ulike dyra gjer at vi har ei allsidig gardsdrift og brukar mykje tid på stell og kos med dyr. Vi veit at dyr kan vera gode vener, dei kan gje kos og trøyst, men og gje meistringsopplevingar og sjølvtillit for våre brukarar. I tillegg til dyra legg vi opp til aktivitetar som fylgjer årstidene. Vi bruker mykje tid ute, sumar som vinter. Vi går på ski og renner på akebrett, eller vi går på matpakketur i skogen rundt oss. Vi har og byrja med villmarksknappen som består av tre grader: bronsetur, sylvtur, og gulltur. Her får born prøve seg ute i naturen med bålbrenning, telttur, overnatte ute i minusgrader, fiske og mykje anna moro. Det er viktig for oss att alle aktivitetar skal skje i ei trygg og sosial ramme, med tett vaksenkontakt.



Døme på aktivitetar vi driv mykje med i Tuva:

-          Stell av dyr, sauer, kaninar, hestar og hundar.

-          Køyre og ri på hest

-          Matlaging og bakst

-          Skogsturar

-          Teltturar

-          Fjellturar

-          Ta villmarksknappane

-          Dyrke eigne grønsakar

-          Går på ski og køyrer akebrett.


 TILBODETS ORGANISERING:

Tuva`s grønne omsorg (TGO) er åpent mandag til fredag.
Vi har åpent to helger i måneden, her ønsker vi en skriftlig tidsavtale fra bruker.
Siste dag før jul er 22.desember.
Første dag etter jul er mandag 3.januar
Siste dag før sommeren er 1juni.
Vi har ferie i 4 uker om sommeren.
Første dag etter sommerferien er 1juli. 

Dersom foresatte ynskjer å si opp plassen, skal dette skje skriftleg med 2 mnd varsel, gjeldande frå den 1. i kvar månad.  

Vi ynskjer å få beskjed 24 timer før fravær, om det ikkje er akutte hendelser, det vil si for eksempel sjukdom, skade, m.m.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon
TLF: 99555421/61213727.
E-mail:
mi-tuva@hotmail.com.

Vi har og ei eiga heimeside, gå inn, sjå bilder og les meir på: http://www.tuvahagen.com/65103979

Venleg helsing
Mai Iren og Frank Andre Tuva Hagen (TGO)         

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar