torsdag 13. juni 2013

Myren - arbeidserfaring og ein aktiv, meiningsfylt kvardag

Myren ligg ein kilometer frå Galdesand i Bøverdalen, her driv Guttorm Myren og Randi Slålien med sau og hundar. I tillegg bur det for tida ein lama her.
Guttorm er utdanna møbelsnekker, men har dei siste åra drevet garden med sau, samt arbeid med dressering av gjetarhundar og redningshundar. I tillegg har han jobba som assistent på barneskulen i Bøverdalen. Randi har jobba som snekker og driv i tillegg Systugun Slålien.
I tillegg til sauane på garden er hundane er ein svært viktig del av livet på Myren og både Guttorm og Randi brukar mykje tid på dei. Fleire av hundane er redningshundar og andre er dressert som gjetarhundar.

Tilbodets organisering   
Tilbodet er i utgangspunktet ope på dagtid frå 9.30-14.30, men det kan gjerast individuelle tilpassingar dersom det er behov for det. Brukarane vil bli henta og køyrd heim etter endt dag. Guttorm og Randi er saman ansvarleg for drifta av tilbodet.

Målsetting
Tilbodets viktigaste målsetting er å gje brukarane ein meiningsfylt kvardag. Gjennom livet på garden får brukarane ein moglegheit til å prøve arbeidslivet og avklare eigen arbeidsevne. Dette skjer gjennom varierte arbeidsoppgåver, prega av samvær med dyr og fysisk aktivitet. Føremålet med tilbodet er å vera ein romsleg arbeidsplass, der brukarane skal få prøve seg på oppgåver i trygge rammer og gjennom dette oppleve mestring.


Tilbodet ynskjer å fremme

·        Mestring
·        Glede
·        Trivsel
·        Omsorg for kvarandre
·        Fellesskap
·        Sosial deltaking



Ein dag på Myren kan sjå slik ut:

09.30 Felles start på dagen med kaffi og gjennomgang av oppgåver for dagen.

10.00 Vi tek fatt på arbeidsoppgåver og aktivitetar. Det kan vera oppgåver knytt til stell av sauane, vedlikehaldsarbeid inne og ute eller anna arbeid som fylgjer livet på garden og årstidene. På kalde dagar eller dagar med dårleg vær blir det lagt opp til aktivitetar innandørs som snekring eller ein kan bruke baksthuset til baking eller anna matlaging.

12.30 Felles lunsj, vi både ordnar mat og ryddar av i fellesskap.

13.30 Trening av hundar. I arbeidet med dette er vi både ute på tur i skogen og saman med sauane. 
                                                
14.30 Avsluttar dagen og reiser heim.


Dersom eit tilbod på Myren kan
vera av interesse, ta kontakt med:  
Guttorm Myren
Tlf. 91327765






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar