onsdag 16. april 2014

Håndbok for kjøp av Inn på tunet tjenester

Høgskulen i Hedmark har utarbeidet en håndbok for kjøp av Inn på tunet tenester. Her tek dei for seg mellom anna organisering av kjøpersida, organisering av tilbydersida, kvalitetsmerkinga til Matmerk. I tillegg beskriv dei ulike typer Inn på tunet-tilbod og legg fram forskningsresultat.Mykje interessant lesnad og eit godt verktøy for å lære meir om både kvifor ein bør bruke Inn på tunet og korlei ein kan organisere kjøp og salg av tenestene. Last ned håndboka her.

fredag 6. desember 2013

Forslag til kontrakt for Inn på tunet-avtaler


Avtale om kjøp av Inn på tunet-tenestar

Dette er ei avtale levering av ei Inn på tunet-teneste, inngått mellom:
gardbrukar (kalla tilbyder):__________________________________
og ____________________(kalla kjøpar).

Avtalen sitt formål
Formålet med avtalen er at brukaren gjennom deltaking i arbeidsoppgåver, aktivitetar og kvardagslivet på garden får positive opplevingar som skal bidra til mestringskjensle og positiv eigenutvikling.

Inn på tunet skal ikkje karakteriserast som institusjon eller behandling. Tiltaket skal ta sikte på å bidra positivt til dei utfordringane den enkelte brukar har.

Opplegget på garden skal leggjast til rette, slik at det er tilpassa den enkelte brukar sine føresetnadar.

Stad
Tenesta skal ytes på:______________________________________              (stad)

Avtaleperiode:
Avtala  gjeld for perioden frå____________       til ______           __     med moglegheit for forlenging når perioden går ut.

Avtale om forlenging skal vera avklart ____________månader før avtala går ut.

Prøvetid:       
Det er ei gjensidig prøveperiode på seks månader, avtala kan berre seiast opp etter prøveperioden dersom det ligg føre sakleg grunn.

Den part som vil si opp avtala i løpet av prøveperioden, må orientere den andre part om årsak og gje anledning til å rette opp i forholda.


Pris
Det betales _________________NOK eks. mva pr. dag eller
____________NOK eks. mva pr. time.

For eit tillegg i prisen på ___________NOK eks. mva inkluderer tilbodet (fyll inn):

-          ____________________________________________________

-          _____________________________________________________

-          _____________________________________________________

Tilbyder fakturerer etterskotsvis ein gong pr. mnd, med 14 dagars betalingsfrist:
Faktura sendes til:

__________________________________________________________

Tilbyder fakturerer og for avtalte dagar der brukar/kjøpar melder forfall.


Ansvar:
Kjøpar har ansvar for at det avtalte IPT-tilbodet er i samsvar med brukarens rett til tilbod.

Kjøpar har ansvar for å ha politiattest for dei tilfelle der dette er naudsynt.

Dersom det trengs samtykke frå føresette, verje eller andre for gjennomføring av IPT-tenesta eller særskilte aktivitetar, har kjøper ansvar for å innhente dette.

Tilbydar har ansvar for at gardsdrifta, inkludert IPT-tilbodet er i samsvar med dei krav som stilles til helse, miljø og sikkerhet (HMS).

Kjøpar har ansvar for å informere og rettleie tilbydar om brukarens helse, særlege behov og behandlingsopplegg i den utstrekning det er relevant for å sikre ei god gjennomføring av IPT-tenesta.

Personal:
For gjennomføring av IPT-tenesta trengs det fylgjande personale:



Forsikring:
______________er ansvarleg for at brukaren er forsikra mot ulykker og skadar i tilknyting til IPT-tenesta. Forsikringa skal og dekke eventuelt personell som er med som følge.

Tilbyder har ansvar for å forsikre eige personell, eigen eigedom mot ulykker og skadar som fylgje av IPT-verksemda.

Evaluering:
Tilbyder skal ha ein kontaktperson hjå kjøpar. Kontaktperson skal vera tilgjengeleg for spørsmål og oppfylging.
Tilbyder skal føre logg over dagane brukarane er på garden. Loggen skal registrere oppmøte og fråvær, gjennomføring av aktivitetar og eventuelle hendingar som har betyding for brukaren og er relevant for evaluering av tiltaket. Loggen må oppbevarast i høve til reglar for teieplikt.  

Kjøpar har ansvar for å kalle inn til evalueringsmøte. Dette skal skje _____________månader etter oppstart.

Teieplikt:
Tilbyder og andre involverte, inkludert vikarar har teieplikt om personlege forhold om brukarane.
Kjøpar har ansvar for å informere og rettleie tilbyder om teieplikta.

Kontaktperson ved akutt situasjon:
Dersom det oppstår ein situasjon der tilbyder har behov for kontakt med kjøpar og/eller føresette, gjeld fylgjande kontaktinformasjon (telefonnummer):

Kjøpar:_________________________________________

Føresette:_______________________________________


Helse, miljø og sikkerhet:
Tilbyder skal dokumentere at garden oppfyller krav til helse, miljø og sikkerheit og at krava blir fulgt gjennom avtaleperioden.

Oppbevaring av person opplysningar
Logg og andre konfidensielle opplysningar om brukarane av IPT-tenesta skal oppbevarast utilgjengeleg for andre enn dei som er involvert i tenesta. Opplysningane skal slettast når brukaren ikkje lenger tek imot IPT-tenestar.


Spesiell del

Formål og målsetting:
For brukaren/brukarane i IPT-tilbodet er det i tillegg til det overordna mål, fastsett fylgjande formål og målsetting:


 
 












Tiltaket skal innehalde desse elementa ( t.d måltider, transport osv):


 
 









Tid, sted:
___________________________________________________________________________                                                                                                                                                        

Kjøpar:


Tilbyder:
___________________________________________________________________________



fredag 15. november 2013

Ynskjer du meir informasjon om Inn på tunet bør du besøke Matmerk si side. Her finn du fagstoff om Inn på tunet, forskningsrapporter, oversikt over tilbydere i heile Noreg, aktuelle kurs og mykje meir. Trykk her for å gå til sida.

tirsdag 22. oktober 2013

Inn på tunet -Morgendagens omsorg

2. oktober arrangerte Fylkesmannen i Sør-Trøndelag erfaringskonferanse om Inn på tunet.

Kristin Løkke frå Helse- og omsorgsdepartementet held eit innlegg basert på meldinga «Morgendagens omsorg». Denne meldinga fokuserer på moglegheiter innnan omsorgarbeid. Det blir framheva at skal vi løyse fremtidas utfordringar må vi leite fram, mobilisere og ta i bruk samfunnets omsorgsressurser på nye måter. Inn på tunet blir brukt som eit eksempel på nettopp dette.

 «Omsorgskrisen skapes ikke av eldrebølgen. Den skapes av forestillingen om at omsorg ikke kan gjøres annerledes enn i dag»

Her kan du lesa meldinga "Morgendagens omsorg"


torsdag 22. august 2013

Grøn omsorg er eit godt alternativ for personar som slit med psykiske problem eller rus. 
Ein studie frå Høgskulen i Hedmark viste at gjennom Inn på tunet  opplevde personar med psykiske problem eller rusproblematikk å få eit meir meiningsfullt liv. Deltakarane fortalde at Inn på tunet tilbodet hadde bidrege til at dei hadde fått attende livsgnisten, kome seg inn i vanleg døgnrytme og at dei opplevde seg sjølv som etterspurde fordi dei såg at dei kunne bidra i arbeid og i det sosial fellesskapet.

Meir konkret opplevde deltakarane:
-      At tilbodet forsterka deira sosiale nettverk, og utanfor garden. Det var lettare for dei å halde eller ta opp kontakt med familie og vener når dei hadde innhald i kvardagen og følte seg som aktive samfunnsdeltakarar.
-      At dei vart utfordra, men opplevde fyrst og fremst og mestre nye oppgåver. Dette gav sjølvtillit og tru på eigne evnar.
-     Å tilhøyre ei gruppe, der dei vart respektert, følte tilhørigheit og fekk gjera aktivitetar saman.
-     Å få vera saman med dyr som gjav nærleik og trøst, men som samtidig trong omsorg frå deltakarane.

    Du kan kan lese meir her


fredag 12. juli 2013


                     Nordigard                Ramstad   

Nordigard Ramstad ligg på Ramstadstrond i Skjåk. Her bur Odd Joar og Gudrun Ramstad, saman med 170 vinterfora sau, to hestar, to griser, høner, kanin og katten Alfred.

Odd Joar er utdanna mekanikar og jobbar no som teknisk sjef i nettbuss. I tillegg jobbar han med drift av garden som forutan sau, består av forproduksjon og juletreskog.

Gudrun er miljøarbeidar og har lang erfaring innan psykisk helse, både med personar med psykisk utviklingshemming og innan psykiatri. I tillegg har ho vidareutdanning som skuleassistent. 

Som miljøarbeider er det eit viktig mål å legge til rette for trivsel, aktivitet og utvikling for brukarane. Desse verdiane er og utgangspunktet for tilbodet på garden og erfaringane om korleis ein kan skape dette er viktig kunnskap å ta med seg i arbeidet med Inn på tunet.  

MÅL

Som for alle Inn på tunet-tilbod ynskjer vi å gi kvar enkelt brukar oppleving av mestring, utvikling og eit inkluderande fellesskap. Ramma for tilbodet er garden vår, med dei moglegheitene den gir for kontakt med dyr, natur, frisk luft og fysisk aktivitet. Moglegheit for å gjera individuelle tilpassningar og tilby meningsfylte aktivitetar skal legge grunnlaget for trivsel og livskvalitet.

MÅLGRUPPER

  • Barn og ungdom;  alternativ skuledag, SFO, avlastning/støttekontaktgrupper



For barn som treng ein alternativ skuledag, her vil vi bruke noko tradisjonell undervisning, men tek utgangspunkt i garden og livet her, knyttar teorien opp til praktiske oppgåver. Vi trur garden kan vera eit godt utgangspunkt for læring, t.d gjennom å observere livet på garden og ikkje minst, få oppleve mestring gjennom aktiviteter som stell av dyr og plantar. Garden utgjer og ein fin arena for ein opplevelsesrik og spanande SFO. Det blir lagt opp til at aktivitetane kan fylgje årstidene, slik at borna får ulike opplevingar og erfaringar. Det blir og lagt opp til eit felles måltid og moglegheit for leksehjelp.
Vi har og moglegheit til å ta imot barn som treng litt ekstra oppfylging og tryggleik, tilbodet kan da fungere som ei støttekontaktordning, med plass til 3-4 barn i gruppar.  
Å vera tilstade for kvar enkelt barn er viktig for oss. Det inneber ikkje berre gode opplevingar, men og å sjå deira kjenslemessige og sosiale behov.
·        





  •    Ungdom, drop-outs



  •     Psykisk helse
Vi ynskjer å tilby plass for personar som treng eit aktivitetstilbod, i ei vanskeleg periode eller eit meir varig aktivitetstilbod. Gjennom tilbodet ynskjer vi å bidra til at brukarane opplever livskvalitet og utvikling. Vi trur meiningsfulle aktivitetar er avgjerande for god helse. Det er viktig å ha ein stad og gå til der det er rom for å få gjera ting i sitt tempo, prøve seg fram i arbeid eller anna aktivitetar. At nokon forventar at du skal møte opp, gjer det lettare å stå opp om morgonen. Å gjera ting saman fører til at samtalene går lettare. Felles måltider gjev kjensle av fellesskap og kan vera viktig sosial trening. Rutinar som er viktig for å fungere i dagleglivet.   
                                      

  •      Familie/opplæring
Familiar med behov for oppfylging og støtte i periodar; vi har ein leilegheit i kjellaren på våningshuset. Komplett med eiga kjøkken, 2 soverom, bad/wc, stugu og bod. Her ynskjer vi å kunne ta imot familiar eller andre med behov for oppfylging over ei periode. Eigen leilegheit gjev moglegheit for sjølvstende. Samtidig vil vi vera i nærleiken og kunne tilby opplæring i ADL, støtte og bidra til trygge rammer og moglegheit for delta  
Ungdom; vi har ei lita stova, med enkelt kjøken, soverom, stugu og bad. Her har vi moglegheit til å ta imot ungdom som i ei overgangsfase frå ungdom til vaksen treng trygge, stabile rammer, men samtidig treng og få prøve seg sjølv.

Aktiviteter
Ramlarstugu er eit hus for trivsel, ein stad for å vera einsleg
ei stund, lesa ei bok eller den gode samtale. 
Miljøet og ressursane på garden kan gje tilbod til ulike menneskjer i ulike livsfasar og med ulike behov. Vi brukar nærmiljøet, tunet, fjoset og husa i opplæring, aktivitetar, rekreasjon eller til sosialt samvær.
                                      
Gardstunet er ein fin boltreplass for barn, med leikarhus, huskestativ, sandkasse. Om sumaren har oss båt i elva. Å ro båt er god trim og fin rekreasjon, og ikkje minst er det morosamt og ta fisk som kan steikast og etast heilt fersk.

Handarbeid av ulik type og vanskeleghetsgrad.
Elles legg vi opp til aktivitetar som fylgjer årstidene. Sumar og haust er fin tid for å drive ute på tur, bærplukking, stell av dyr og andre aktivitetar relatert til gardsdrift. Vinteren er og bra for uteaktivitet som ski og aking, men kan og vera ei fin tid til å vera inne og drive med baking, handarbeid av ymse slag, til  dømes veving. Før jul er det stor aktivitet i juletreskogen, med førebuing til sal av juletre.


Opningstider for tilbodet er i utgangspunktet mandag-torsdag 10.00-15.00, men kan utvidast ved behov, til dømes ved ynskje om tilbod på ettermiddagstid, eller avlastning på helg.

Dersom eit tilbod på Nordigard Ramstad kan vera av interesse, ta kontakt med Gudrun Ramstad på tlf. 91140280/ 61213016










torsdag 4. juli 2013

Kvalitetssikring av Inn på tunet gjennom Matmerk

Matmerk er drifts- og godkjenningsavsvarleg for Inn på tunet.
Her finn du Matmerks IPT-standard; Veileder og sjekkliste for IPT og eksempel på ei standardavtale utarbeidet av Matmerk for IPT.

IPT-standaren er et minstekrav og ekan brukes som eit hjelpemiddel for å jobbe aktivt med kvalitet og HMS i IPT.